mandag 1. november 2010

Brannberedskapen i Søvikdalen !!




 
Vi har før skrytt av Møre Trafo AS som har vore velvillige å donert vekk både ein nettstasjon og no sist ein Ameise skyvemast truck.

Ærast dei som ærast skal. Ekornesfabrikken har rydda på brannstasjonen sin, å då fekk vi ta over ein del slangar, og hjelmar. Dette skal kome godt med når vi skal utruste Internationalen. Brannbilen vår står enda med bremseproblem. Å finne bremsedelar til denne bilen innanfor det budsjettet vi kan operere med har synt seg å vere vanskeleg. Dei vi har fått tilbod om må byggjast om, å blir då særs dyre.
Vi håper likevel å finne bremsedelar som høver på bilen, til ein fornuftig pris.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar