torsdag 24. desember 2009

GOD JUL


Vi i L\L Gamalt & Gale vil ynksje alle ei rett so god jul, og eit aktivt og godt nytt år.

søndag 13. desember 2009

Majoren

Einar og Svein hadde igår ein liten aksjon på Majoren. Siste tida har dei arbeida aktivt for å få traktoren til å starte. Sidan torsdagen gjekk med til "førefallande arbeid på bygnigsmassa" hadde vel brødrene en aldri so liten abstinens etter traktorskruing.

Traktoren vart slepa både hit og dit utan å starte. Kun grå røyk. Når karane då snudde dieselpumpa, fekk pipa ein annan låt. Traktoren starta etter å ha blitt dregen kun nokre meter. Svein og Einar er godt fornøgde med dagen, å kan no la julefreda senke seg med god samvittighet.

fredag 11. desember 2009

torsdag 3. desember 2009

Skifte av viftereim på folkevognmotor.



I Søvikdalen har vi tilgang til 3 folkevognmotorar, i tre ulike kjøretøy. I ei boble, gulrotbilen og brannpumpa.

Ein har vel ikkje det store behovet for å skifte viftereim på desse motorane umiddelbart. Likevel kan det vere greit å ha ein instruksjonsvideo for korleis dette skal gjerast.





Vi gjer merksam på at dette ikkje er ein video teken opp i Søvikdalen