lørdag 28. mai 2011

Sommeren nærmar seg

Bilane har allereie fått ein liten luftetur ut, men var heilt sikkert fole glad for å kome seg i hus att. 17. mai stilte Gamalt & Gale opp med både buss og bilar for å ta med den eldre garde i toget.


 Dagen byrja med sol og opphaldsver, men kor lenge var Adam i Paradis... Ikkje før vi hadde fått lagt ned taka, fått på passasjerane og parkert ved bedehuset, opna alle sluser seg. Då var det berre å hive på kalesjene, og kome seg under tak.
  Medan dei fleste i toget såg ut som drukna katte, og dei bunadskledde var so nedetynga av våt vademel at dei knappast kunne gå, sat våre passasjerar varmt og godt i bilane.

Neste happening for Gamalt & Gale vert bilparade på Sykkylvsdagane. Oss kan umogleg vere uheldige med veret to gongar på rad...