søndag 28. mars 2010

Farmall Cub snart klar til lakk






Vår Farmall Cub som i fjor vart henta på Sætre, er no snart klar til lakk.. I alle høve er "kroppen" snart klar. Den har no blitt vaska å klargjort. Lakk har også kome til traktoren.

lørdag 20. mars 2010

Opel Rekord Olympia

Bilen er ein 1959 modell, og er eigd av Lidvar Aure.
Den er utstyrt med ein 4 sylindra bensinmotor.
Motoren er på 1488 ccm og yter 45 hk.

Noverande eigar kjøpte den av Svein Grebstad, som hadde hatt bilen i mange år. Den vart restaurert og lakka i tilnærma original farge. Den originale fargen ser ein att t.d. på dashbordet. Bildet over er teke i forbindelse med Norgesløpet 2009.

VOLVO P 1800 ("Helgenen - bilen")
















Bilen er ein 1961 modell, eigd av Einar Bakke


Motoren er ein B 18 B, sportsutgåve med 4 sylindrar og dobble SU

forgassarar. Den yter ca 100 HK (SAE)

Den har chassienr 596 av ca 32000.



Noverande eigar kjøpte bilen i 1997 av Petter Roset, Sandane. Han importerte

den frå Sverige i 1994.



Biletet er teke i Norgesløpet 2009.

torsdag 18. mars 2010

Snørydding i Søvikdal




Torsdag var det igjen aktivitet i Søvikdalen.. Kuldegrader har mange gonger sett ein stopper for "dalakveldande".. Men no var endeleg temperaturen på vår side igjen..

Trond hadde teke med seg traktoren til Søvikdalen, å fekk flytta vekk alvorleg mange tonn snøv som hadde ramla ned fra himmelen. All snøven som hadde rasa frå taket hadde pakka seg godt saman. Før mildveret sette inn var vel der ei jamn flate på nedsida på omlag 2X4 meter...Når ein då veit at bygget er 15 meter langt kan ein sjølv rekne ut kor mange kubikkmeter det var...

På bildet under ser du karane som er iferd med å innvie den nye verktøyveggen. Mykje både nytt å gamalt verktøy fekk plass på veggen..

doc0002

Sent with DocScanner

tirsdag 9. mars 2010

Volvo Feltvogn fra 1963

Feltvogna kom direkte frå forsvarets overskuddslager. Den vart kjøpt på auksjon på Klepp ein vårdag i 99.

Kristian Berge, og Arild Leikanger Aure, tok turen til Trøndelag for å kjøpe bil.
Den maskuline delen av opphavet, var klar over kva som skulle skje. Den feminine delen ante enda ingenting.
Var kanskje tryggast slik, om ein skulle håpe på at det vart handel..


Den her dagen var der over 80 bilar som skulle auksjonerast vekk.. Når 75 bilar var solgt, slo Arild og Kristian til. Pulsen steig i takt med buda, og lettelsen og gleda var stor då vi fekk tilslaget.

Prøveskilt hadde vi med frå Sunnmøre. Nye batteri måtte kjøpast før vi kunne sette kursen sørover igjen.  Turen nedatt vart eit kapittel for seg sjølv. Vi rota oss ombord på ei ferge, som etter våre planar ikkje skulle vere der.. Vi bomma på eit par avkjørsler, som kom litt brått på... Vi tok mest truleg ny fartsrekord med feltvogn for å nå siste ferga mellom Molde og Vestnes. Kristian som kjørte framføre med Golf, klokka inn Feltvogna til 110 km\t. Då la speglane seg inn til sidene. (Sikkert for å gjere bilen meir straumlinjeforma ???)
Vi tok igjen en liten søt raud bil som bremsa oss kraftig ned. Sjåføren der skulle heilt klart hatt både premie og diplom, for rett rundt neste sving sto Onkel Politi med laseren sin..

Når vi nærma oss fergekaia måte Kristian "Solberg" Berge trå til igjen.. På feil side gjennom rundkjøringa for å kome seg ned til kaia å halde att ferga til eg kom med Feltvogna.
Kristian sin manøver i rundkjøinga gjorde inntrykk.. Eg skulle ikkje vere noko dårligare.. Eg sikta meg inn for også å ta "snarveien", men trekte meg i siste sekund.. Men då var det for seint.. Løysinga vart å kjøre rett over rundkjøringa. God bakkeklaring er godt å ha.
Innkjøringa til fergekaia gjekk meg hus-forbi, slik at eg igjen måtte forsere ymse midtrabattar. Men med hjelpsomme ungdomar som flytta "rasteplass-borda" like ved fergekiosken, klarte eg å smyge meg forbi.

Vi rakk ferga i siste sekund.. ...men var pengelens...  Pengane var brukt opp på forrige ferge, som ifølge oss sjølve ikkje skulle vere der. Men men, det ordna seg det også.

Bilen kom i alle høve heim til Sunnmøre.

No hadde også den feminine delen av opphavet fått kjennskap i kva som hadde gått føre seg. Å det gjekk absolutt ikkje upåakta hen. Men etter ei tid i "unåde", vart eg teken inn i varmen igjen..

Sidan den tid har Feltvogna vore nytta til alt mulig rart. Som kamerabil, sjukebil, flyttbart PA-anlegg på Stølsturar, offroadkjøring, slepebil og sommerbil. Den har til og med vore nytta til å drage båtar frå naust og ut på fjorden.  Ja lista er lang over det bilen har vore nytta til. Å meir blir det nok etterkvart..