lørdag 29. mai 2010

Ørskogdagane!






Ulike "bygdedagar" finnast sikkert overalt. Denne helga var det Ørskog som hadde sine "Ørskogdagar".
Vi kjørte tre bilar frå Sykkylven for å delta. Svein og Helen med Buick, John med Nash, og Arild med Opel.
John, Helen og Svein haddde sogar dressa seg opp i tidsriktige antrekk.

12 bilar, og 3 bussar hadde funne vegen til veteranbilutstillinga der.

lørdag 22. mai 2010

Det nærmar seg...





 


Farmall Cub'en som har vore vårens store prosjekt
tek form i Søvikdalen.
Den her skal vere ferdig til Sykkylvsdagane 2010





17.mai er over. L\L Gamalt & Gale hadde med seg ein nøgd gjeng med pensjonistar i toget. Sjølv om dei som var med kosa seg, hadde oss hatt plass til enda fleire..
Kanskje kan dette bli ein årviss tradisjon?

Som overskrifta seier, det nærmar seg..  Det nærmar seg Sykkylvsdagane 2010.
L\L Gamalt & Gale har som før nevnt tatt mål av seg til å lage ei flott utstilling av bilar, motorsyklar, traktorar, og kanskje ei campingvogn eller to.

Dette er sjølvsagt ikkje noko vi klarer på eiga hand, men heldigvis har maaange sagt seg villige til å stille med bilar og syklar til denne laurdagen.
Om du legg turen innom parkeringsplassen der vi skal ha utstillinga vil du få sjå alt i frå folkevogner til corvette...
Som alle andre plassar er vel smaken som kjent som baken..  Der junior kanskje siklar over ein nystrigla Camaro, kan opphavet stå like ved å felle ei tåre på panseret til ein Renault, og tenkje tilbake til si eiga ungdomstid.

Vi håpar at mange vil få sjå anten sin fordums ungdomsbil, eller kanskje framtidas draumebil i sentrum desse dagane.

Om du har ein bil som du vil syne fram, er du fortsatt hjerteleg velkomen til å ta kontakt..
Hos oss er ein Mini Morris like velkomen som ei Porsche.. Det er mangfaldet i bilentusiasmen i bygda vi vil vise fram.

Ta kontakt på telefon 93 22 98 08
eller send ein epost til arild.aure@norpost.net

søndag 16. mai 2010

I morgen er det 17.mai...

...og Lutlaget Gamalt & Gale har invitert med seg bebuarar frå BUAS på biltur.
Vi vil hente bebuarane på BUAS med veteranbuss, og nokre veteranbilar. Derifrå kjører vi opp til kommunehuset der vi tek oppstilling å ser på når toget går forbi. Vi heng oss på toget å danner baktropp til slutt.
Til slutt kjører vi til kirkeparken slik passasjerane våre får sjå og høyre appellane og talane for dagen, og ikkje minst musikken..

Vi håper dette blir ein fin og minnerik dag for både oss og passasjerane våre...

tirsdag 11. mai 2010

Sykkylvsdagane

Gamalt & Gale skal arrangere bilutstilling under Sykkylvsdagane..
Utstillinga vil vere på laurdagen.





Har du ein bil, mc, traktor, e.l. som du synest fortjener å kome fram i lyset so ta kontakt..


Vi har eit avgrensa område som vi kan boltre oss på denne dagen, men vi tek med so mange vi har plass til..


Om du ikkje har høve til å delta denne gongen, er det fint om du tek kontakt likevel, på den måten kan vi med tida prøve å samle inn data om kva slags kjøretøy vi har her i bygda. Vi kan også lettare kome i kontakt om vi seinare skal arrangere utstillingar..


Ta kontakt med:
Arild Leikanger Aure
tlf. 93 22 98 08
arild.aure@norpost.net