søndag 27. juni 2010

Oppdatering av nettstaden

Siste tida har nettstaden diverre ikkje blitt oppdatert like flittig som den bør.. Vi beklager dette, og lovar å kome sterkare tilbake.

Komande helg blir det "veteranslått" i Søvikdalen, soframt vèrgudane er i godt lune.
Svein, Einar og Lidvar brukte laurdagen til  å klargjere slåtteutstyr. Vi kjem attende med meir info i løpet av veka.

tirsdag 15. juni 2010

Bilutstilling 2010



Lutlagets første bil- og traktor-utstilling heldt bokstaveleg talt på å regne vekk..  å det var vel det einaste vi ikkje hadde regna med.







Sjølv om veret på denne junidagen ikkje var det beste, trassa veldig mange vergudane å stillte opp på utstillinga. Utruleg sprekt gjort.

25 bilar var å sjå på parkeringsplassen på det meste.


Starten frå Samfunnshuset gjekk klokka 10. Vi håpte at litt fleire skulle vere komne ut i gatene, men det var nok ønsketenkning frå vår side. Med hjelp frå sirenene på brannbilen gjekk det greit å kome seg gjennom sperringane som var sett opp før vi sette kursen mot parkeringsplassen, litt tidlegare enn planlagt..

Etter at bilane var plassert, tok vi turen til Skjerva og henta traktorar. Ei kortesje på 10-12 veterantraktorar etter vegen er ikkje daglegdags sjølv her i Sykkylven.

Noko bilutstilling er det mange år sidan vi har arrangert i Gamalt & Gale. Med positive holdingar frå handelsforeininga, sporty bileigarar som møtte opp sjølv om regnet hølja ned absolutt heile dagen, å publikum som tok turen innom for å sjå, må vi seie oss nøgde med utstillinga.

Likevel er der heilt sikkert ting som kunne vore gjort annleis. Har du ris eller ros om gjennomføringa? Tankar eller idear om komande utstillingar? Har du lyst å vere med å engasjere deg i arbeidet vi driv?
Legg igjen ein kommentar i feltet under, eller send ein epost til arild.aure@norpost.net

fredag 4. juni 2010

Informasjon om utstillinga

12.juni er dagen då sola skal skine frå skyfri himmel, og motorinterreserte frå Sykkylven og omegn skal få vise fram doningane sine.

Vi tek sikte på å få til ei felles innkjøring på parkeringsplassen vi skal halde til. Vi vonar dette skal bli meir "publikumvennleg".
Vi samlast på parkeringsplassen til Sykkylven Kulturhus, og kjører derifrå klokka 10.00. Ver gjerne ute i god tid. Om du ikkje har høve til å møte der, kan du sjølvsagt kome rett til utstillingsplassen på Aure.


Vi har fått tildelt ein parkeringsplass nordøst for sentrum, like ved Expert. Plassen er godt avgrensa og egnar seg flott til utstilling.

På området vi disponerar vert det høve til å kjøpe kaffi og svele. Vi har også eit opphaldsrom "innomhus" i tilfelle morgenduggen klumpa seg litt sammen utover. Teltet til Lutlaget vil også bli sett opp.

Utover dagen blir det mest truleg ein liten biltur, eller cruising. Dette vil vi kome nærare tilbake til utstillingsdagen.

Det viktigaste er at flest mogleg stiller opp slik vi verkeleg får vist fram mangfaldet i bilinterressa her i Sykkylven...

Om du har spørsmål om arrangementet ta kontakt med Arild på tlf. 932 29 808