lørdag 18. september 2010

Gamalt & Gale med eigen skyvemast-truck !!

Nok ein gong har næringslivet i Sykkylven vist interresse for oss i Lutlaget Gamalt & Gale.
Når noko skal bytast ut på ein fabrikk er det som regel sidan bruksverdien i fabrikken er vekke. Men sjølv om bruksverdien på ein fabrikk ikkje lenger er til stades, kan den vere stor for noken andre.

Møre Trafo som frå før av har "donert" ein Flex 5 nettstasjon som vi vil nytte som sandblåsingskabinett, har no bytt ut den eldste av sine truckar.


Ein Ameise skyvemast-truck frå 1965!!.




Denne har vore i bruk heilt fram til no, men har nett blitt bytta ut med ein heilt ny truck frå Linde. Vi i Gamalt & Gale var so heldige å få ta over den gamle. Den kom til Søvikdalen torsdag 16. september 2010.




Som de ser vart den teken i bruk allerede første kvelden.. Ein slik liten men sterk truck er særs hendig i lokala våre i Søvikdalen, og vi er sikre på at vi kjem til å få stor nytte av trucken vår framover...


Stor takk til Møre Trafo som lot oss ta over trucken!!




John skifta pluggledninga

Samstundes medan trucken vart sett i arbeid, skifta John ut pluggledningane på Nashen sin.. Eit tidkrevjande arbeid sidan bilen har ei lang rekke med pluggar på kvar side av bilen, og i tillegg har dobbel tenning.

John har også fått endra registreringsnummeret på Nashen sin.. A-6738 er ifølgje eigaren det første nummeret bilen var registrert på. John har også fått vite meir om historia til bilen.. Kanskje vi her heldige å John vil dele historia med oss.. Vi får sjå  ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar