torsdag 29. april 2010

Bølgeblikk til Søvikdal..




Av og til kan ein byrje å tru at vi opererer som skraphandlarar i Søvikdalen. Men det kan vi bestemt avkrefte..

I kveld var Cato Eidem på plass med sin kranbil for å transportere inn nærare 700 kvm med bølgeblikktak.
Om det var nokon som skulle kunne greie det her, måtte det vere Cato.

"Det går bra, skal kjøre forsiktig. Ikkje forare enn 80-90" ropa Cato frå lasteplanet..

Transporten til Søvikdalen gjekk fole bra. Platene vart plassert på nedsida av verkstadbygget, å er klare til å bli tatt i bruk so snart teikningar av neste "byggetrinn" føreligg...

fredag 23. april 2010

Farmall Cub

Onsdag gjekk med til lakking av Farmallen frå Sætre.. "Kroppen", skjermane, og mange andre smådelar vart gjort klare til å monterast igjen..

Torsdag vart traktoren kjørt til Søvikdalen, å monteringa kunne byrje..
Det blir spanande å sjå framover når resten av delane blir lakka, å delane frå USA kjem.. Håpet er å ha den ferdig til Sykkylvsdagane 2010

fredag 16. april 2010

Torsdag kveld frå Søvikdalen...





Å legge om dekk kan vise seg å vere ei utfordring.

På bildet over ser de Lidvar Aure, med dekknavnet Dr. Pirelli, saman med operasjonssjukepleiar Einar Bakke, med kveldens dekknavn "Michellin", utføre ein komplisert dekkoperasjon.
Dekket som her blir operert høyrer til på ein Farmall Cub.

Når dekkspakane vart for svake, og tolmodigheta fulgte etter, vart vinkelsliparen henta. Heile hallen var snart dekt med røyk. Skikkelig svidd gummi. Dekkoperasjonen foregjekk i umiddelbar nærhet til Sveins Amazon, noko som dekkande nok førte til ymse komentarar frå eigaren. Amazonen vart bedekt med ein ny hovudbremsesylinder i løpet av kvelden.

Seinare på kvelden dekkorerte Svein, Arild og Einar verktøyveggen med fleire verktøy. Ein har snart klart å dekke heile veggen.

Olav Kjuul og Stig Hagen var også tilstades på kveldens øvelsar i Søvikdalen

torsdag 8. april 2010

Bolinder motor



Vi har funne ut at ein ikkje har plass til alt.. Ikkje i Søvidalen eingong..
Difor vil vi gjerne kvitte oss med denne gamle motoren.. Ein Bolinder Munktell av god gammel årgang.

Motoren putrar og går, vart starta seinast hausten 2009 etter lang tids dvale.
Vi har ikkje sett nokon pris for motoren, då slikt ikkje kan målast i pengar..

En fransk forfatter sa en gang:

"Pengene, grunkene, gryna, slantene, skillingene.. Et evig mas!
Alltid er de etter en og driver på slik en ikke får ro. Alt koster penger, for pokker, alt!!"

Her er det nok ikkje prisen som er det vesentlige, men at motoren får ein god heim..
Kanskje for å drive ei gardssag?
Kanskje for å brukast som straumaggeregat?
Kanskje for å bruke den som utfar til ein båt?^

Bruk fantasien din...

Kom gjerne med eit bud

torsdag 1. april 2010

Nettstasjonen er på plass!!




No har L/L Gamalt & Gales nettstasjon komen på plass i Søvikdalen.. Tysdag 31. Mars var den store flyttedagen.

Trond stillte som vanleg opp som sjåfør, ei oppgåve han utførte med bravur.
Fremst i kortesjen kjørte Lidvar, Trond fulgte tett på, so kom John, mens Kenneth låg bakerst å passa på alle saman.

Å få plassert nettstasjonen på hengeren på Møre Trafo, var ingen problem. Med store kraner og god plass vart nettstasjonen plassert. Einaste som mangla var Elling Hole som kunne bistå med sikring av last.

Lossing i Søvikdalen var nok ei litt større utfordring. Sjølv om det gjekk bra det også. Rå muskelkraft, god vøgemat, og ikkje minst ei framifrå vøg gjorde susen.