søndag 18. juli 2010

Livsteikn frå Lutlaget ...

Endeleg har dataproblema løyst seg, slik vi kan legge ut nyhende her på sida.

Vi har etter nokre hektiske månadar med både utstilling, og slåttearbeid, teke oss ein velfortjent pust i bakken. Skuldrane er senka og vi har kome i feriemodus.

Vêret har enda ikkje vist seg frå si beste side, slik at nokon utagerande form for utendørs festligheiter med åpen bil har vore utelukka. Men vi lever enda i håpet.

Inntil vi har fått på plass ei betre løysing på våre biletarkiv her på nettstaden foreslår vi at du tek ein kikk på denne sida. Trond Ravnestad frå Seaside Custom var ein av dei som tok turen til bilutstillinga vår tidlegare i år. Han tok ei mengd flotte bilete, å har lagt dei ut på nettsidene til Seaside Custom. Vel verdt å ta ein kikk...

lørdag 3. juli 2010

Seterjentenes søndag...

...var ein melodi laga av Ole Bull på attenhundretalet.

Men den måtte i dag sjå seg grundig slått av "slåttekaranes laurdag".

Den årvisse veteranslåtten gjekk føre seg i dag, i Søvikdalen. 6 traktorar med slåmaskiner var på plass, i tillegg til eit par utan slåtteutstyr. Synkronslåing er vel det næraste ein kjem fenomenenet. Eg kan ikkje seie kor lang tid det tok før i "gamle dagar" når Søvik-Skaret skulle slåast. Men at dei brukte lenger tid enn kva vi gjorde i dag, er heva over ein kvar tvil. Det tok under ein time å få slå av alt graset på skaret. Med fleire slåttekarar på kvar sin traktor, samt fleire dugandes rakste-deie, gjekk alt som ein draum.

Etterpå kosa vi oss med grillmat, kaker, svele, brus, og alt anna som høyrer med ein slik dag.
Einaste vi mangla var slåttegrauten..
Med stort og smått kunne vi telje 20 personar på Skaret. Alle kosa seg på ein lenge etterlengta finevërsdag....


PS: Bilete både frå slåtten, samt bilutstillinga vil kome so snart vi har fått orden på datautstyret til L\L Gamalt & Gale.