søndag 14. november 2010

Haustfest 2010

6 år har gått sidan den første haustfesten vart arrangert. Tanken og idèen om å prøve å arrangere fest på Daltun i Søvikdalen kom vel over ein kaffikopp ein torsdagskveld i 2004. I utgangspunktet var det meint som ein fest, men det har visst blitt tradisjon.

I år som åra før vart innbydelsane sendt ut, å vi venta spent på svar om nokon ville vere med på fest.

I år som åra før tok det lang tid før påmeldingane kom.

I år som åra før vart vi nervøse å tenkte at no var folk lei, å ville finne på noko anna.

I år som åra før tok vi feil.












Det vart ein kjekk og positiv kveld på Daltun, med god mat, god drikke, å god prat.

mandag 1. november 2010

Brannberedskapen i Søvikdalen !!




 
Vi har før skrytt av Møre Trafo AS som har vore velvillige å donert vekk både ein nettstasjon og no sist ein Ameise skyvemast truck.

Ærast dei som ærast skal. Ekornesfabrikken har rydda på brannstasjonen sin, å då fekk vi ta over ein del slangar, og hjelmar. Dette skal kome godt med når vi skal utruste Internationalen. Brannbilen vår står enda med bremseproblem. Å finne bremsedelar til denne bilen innanfor det budsjettet vi kan operere med har synt seg å vere vanskeleg. Dei vi har fått tilbod om må byggjast om, å blir då særs dyre.
Vi håper likevel å finne bremsedelar som høver på bilen, til ein fornuftig pris.

Vinterlagring





Vi har no fått fyllt opp lagerhallen vår omtrent til bristepunktet.
Etter nitidig måling og studering. Rygging og svinging på millimeters presisjon. Løfting av traktora med truck, laaaangt uttafor det reint forsvarlege, er no lagerhallen utnytta max.

Om du trur dette har vore lett tek du feil. Sommeren har gått med på puslespill legging i håp om det kan hjelpe. Vi har elles fått god hjelp frå spelet Autocrazy til å finne dei likaste kombinasjonane.

Ein liten runde for å sjekke at frostveska held forsvarleg nivå, samt å plukke i hus batteri so kan vinteren berre kome.

PS: Vi har funne ei løysing som kan avhjelpe eit akutt plassbehov, vi kjem attende til det ved seinare høve.