onsdag 20. januar 2010

Kaldt i Søvikdalen.

Med temperaturar som passerte 20 blå på sin veg nedover, vart det liten aktivitet i Søvikdalen første torsdagen i 2010.
Men 14.januar var der igjen aktivitet. Stig Aure hadde vore der å rydda snøv, slik det var lett å fint å kome til. John, Lidvar, Trond og Arild møtte til dyst ut på kvelden. John fekk roa ned nervane sine då han kunne konstatere at frostveska i Nash'n hadde haldt frosten ute.
Kveldens prosjekt var rydding av verkstedbenk, og hyller. Etter som tida har gått har nok mangt og mykje funne vegen opp i hyllene. Ikkje alt har noko der å gjere. Difor er det godt med ei opprydding ein gong i blandt.

søndag 10. januar 2010

Nytt år og nye muligheter

Då skriv vi plutseleg 2010.
Det er 10 år sidan verda etter sigende kom til å gå under grunna datatrøbbel og andre uhumskheter
Det er 20 år sidan Mikhail Gorbatsjov vart valt til president i Sovjetunionen
Det er 30 år siden Lancia Delta vart kåra til Årets Bil i Europa.

Det er også 30 år sidan den siste Rolls Royce Silver Shadow rulla utifrå fabrikken.
Eit nytt år, betyr også eit nytt "sett" med veteranbilar. Mange vil vel gjerne rynke på nasa å tenkje at ein bil frå 1980 er alt for ny til å vere ein veteranbil. Men det er det langt ifrå.
Det skal bli spanande å sjå kven som kjem på treff med ein nystrigla 1980 modell Audi 80, eller ein Mazda, frå same året.
Og ikkje minst skal det verte like artig å sjå ansiktsutrykka på desse forståsegpåarane som har sine eigne svært bestemte meiningar om korleis en veteranbil skal vere. Om ikkje produksjonsland, størrelse, alder, og eigar stemmer overeins med gitte kriterier, kan det vere det same.

Ein kan vere sjeleglad for at hvertfall i Søvikdalen er alle bilar like velkomne.