tirsdag 31. august 2010

Gamalt & Gale omtala på den mest leste nettstaden i Velledalen !!!

Vi kan med stoltheit seie at vi no er omtala på den største og mest leste nettstaden i heile Velledalen..

To av traktorane som er i vårt eige har før hatt tilhaldsstad i Velledalen. Desse har fått fin omtale på nettsida velledalen.net .

Håpet er at nokon i Velledalen veit meir om desse traktorane og vil dele kunnskapen og historia om dei med oss...






PS: til alle som ventar på referat frå klubbkvelden med SAK.. Ha tolmod med oss.. Vi prøvar å innhente litt bilete frå kvelden.

Tok du bilete vil vi vere særs glad om du kan maile dei til oss...

Bruk mailadressa: arild.aure@norpost.net

onsdag 25. august 2010

Storfjordens Automobilklubb kjem på besøk!!

Torsdag kjem SAK på besøk til Søvikdalen..

Vi i Lutlaget gleder oss til å få vise fram både verkstaden å klubblokalet vårt. Sjølv om bygga har stått der lenge, har vi i saman bygd eit miljø inni dei, og rundt dei.

Vi håpar at når våre vennar i SAK kjem på besøk, skal dei også få merke den gode atomsfæra som ligg over Søvikdalen.

lørdag 14. august 2010

Veteranslåtten i Søvikdal må seiast å vere eit av dei store høgdepunkta i året.
Ikkje berre fær ein utført det nødvendige arbeidet med å slå markane på garden Skaret, men ein får også ein sosial dag med mykje moro. Etter slåtten er ferdig er det sjølvsagt tid for ein matbit..