fredag 19. februar 2010

"Onkel-John"




Traktoren "Onkel - John" som var ferdig restaurert våren 2009 fekk kun eit kort opphald i Sykkylven etter den var ferdig..

Traktoren vart henta på Stadtlandet der den hadde stått parkert i ein gjødselkjeller i fleire år. Ein skulle kanskje tru at den salte sjølufta på Stadt skulle gjere sitt for å øydelegge traktoren. Men traktoren var i uforskamma god form. Etter at Onkel John sette frå seg traktoren for mange år sidan, og til vi henta den, hadde ikkje traktoren vore starta.
Men å få start på traktoren skulle vise seg å ikke vere ei altfor stor utfordring. Allerede same kvelden vi henta den, var den i bruk til snørydding.

Men som sagt, den fekk ikkje vere i Sykkylven lenge. Sunnmøre Museum skulle ha ei utstilling kalla "Ei verd av fargar", å ville gjerne låne ein "Gråtass" frå L\L Gamalt & Gale. Sjølvsagt fekk dei låne ein traktor til utstillinga si.

Når L\L Gamalt & Gale skal arrangere veteranbilutstilling i forbindelse med Sykkylvsdagane skal "Onkel-John" vere med...

onsdag 17. februar 2010

Bilder frå Bremen

Svein og hans bedre 3\4 del har vore på tur til Bremen..'
Her ser du nokre av bileta han tok på turen, og besøket på ei enorm veteranbilmesse...

torsdag 11. februar 2010

Svein har vore på utanlandstur!!



Svein har siste tida vore på ein utanlandstur..
Tyskland, og ei stor veteranbilmesse var målet.. Då han kom attende til Søvikdalen, hadde han enda ikkje slutta å smile.. Rykta seier at han sikla so gale over nokre av bilane at han måtte av sikkerhetsmessige hensyn trekke seg litt tilbake før vaktene kom.


Tilbake til gamlelandet hadde han med seg både lektyre og verktøy.. I det henseende har Svein invitert resten av Gamalt & Gale, samt andre interreserte til demonstrasjon av nyinnkjøpte mikrometer.
Rykta seier at det kan kome på tale å bruke audiovisuelle hjelpemiddel i framførelsen av foredraget omkring mikrometera.. (dette er enda ikkje bekrefta frå føredragshalderen)
Sjølve arrangementet vil gå av stabelen i Grebstadlia førstkomande torsdag..
(ta med kopp)

lørdag 6. februar 2010

Ein kald start på året.

Torsdag 4.februar måtte vi nok ein gong sjå oss slått av vèrgudane..
Når kvikksølvet forvilla seg fleirfoldige hakk på nedsida av nullen fristar nok sofaen meir enn Søvikdalen.
Men vi kjem heilt klart sterkare tilbake.

mandag 1. februar 2010

Nybygg i Søvikdalen...

Nybygg, evt påbygg har vore eit heitt tema i fleire kaffepauser i Søvikdalen.

Fleire muligheite å løysinga har kome på bordet. Nokre er både spennande og ikkje minst gjennomførbare.. Men inntil dette kjem igang har Møre Trafo AS avhjelpt situasjonen med å donere ein nettstasjon til L\L Gamalt & Gale. Sidan nettstasjonen ikkje er større enn ca 7kvm kan ein vel ikkje kalle dette for ei større utbygging. Men men, det er ein god start.


Nettstasjonen av typen Flex 5 er enda ikkje komen til Søvikdalen. Grunna eit herleg vintervèr, med mykje snøv har transporten blitt umogleg å gjennomføre.
Men kva skal ein bruke nettstasjonen til?
Gode forslag kan leggast i kommentarfeltet under..

Elias og Tråle teikna av Mats...

Mats på 10 år har teikna to flotte teikningar som vi har fått ha med på nettsida vår..

Han har no tatt utfordringa om å teikne ein traktor eller to...
Kanskje får vi snart lagt inn teikningar av ein Porsche Junior eller Karitraktoren.. Eller blir det Mats sin eigen favoritt, Ford Dexta??