torsdag 26. november 2009

David brown

David Brown traktoren fekk kome inn i varmen i kveld. Den står ikkje for tur i "restaureringskøa", men det var eit håp om hvertfall å kunne starte den i kveld. Greit å vite kva traktorar som går, å kva som står. Konklusjonen i kveld var at denne traktoren går neste torsdag.

Ellers vart det jobba både på Fordson Major, og litt på Chevroleten til Lidvar. Arild brukte tida på å få skifta dekk, og bremseklossar på Cruisern.

tirsdag 24. november 2009

Nytt prosjekt på Skjerva

Mandagskvelden kom eit nytt prosjekt til kjelleren på Skjerva. Bucheren "Bendik-Ole" vart henta ut ifrå Søvikdalen, å er klar for restaurering.

Det ser ut som dette kan bli ein litt lettare jobb enn Motostandarden. Tida får vise om det er tilfelle..
Traktoren det er snakk om er ein 1958 modell Bucher-Guyer type K3R.

Til den har vi original tilhenger, slåmaskin og svans..
Motoren har kick-start, å går som ei klokke. Det er kun det kosmetiske som må gjerast noko med, sidan lakken har blitt både falma og slitt gjennom åra. Men alt i alt ber Bucheren preg av å vere teken godt vare på.


torsdag 19. november 2009

Fordson Major i lastebilgarasja

Einar, Svein, Olav og John jobba i kveld iherdig med Majoren. Dei er vel ikkje heilt klare til prøvekøyring enda, men håp om hvertfall å få starta den snart har dei.

Majoren i Søvikdalen har ein "donor-traktor" ståande på Grebstad. Der er mellom anna motoren henta frå. Dei siste torsdagane har blitt brukt mellom anna til å bytte motor.
Guttane i den forhenværande lastebilgarasja må ikveld kårast til å vere dei ivrigaste. Særleg Einar kanskje, som kutta kraftig ned på kaffipausen for å kome seg tilbake til Majoren..

Torsdagskveld i dalen



Også i kveld var der godt frammøte i Søvikdalen.


Svein, Einar, Trond, Mads, John, Bjarne, Olav, Lidvar og Arild var på plass..
Bjarne hadde til alt overmål med seg heimebaka løfse. Trur han hadde fått litt hjelp av Karin, hvertfall til å kjevle dei ut. Gode var dei i alle fall.

Innimellom all tullpraten vart det diskutert litt rundt neste års terminliste. Det er på tide å få nokre stikkord på papiret for neste års begivenheite.

onsdag 18. november 2009

Dekkomlegging i søvikdal.



Trond rydda i garasja. Det som ikkje var plass til der lenger, har Gamalt & Gale teke ansvar for å få lagra på forsvarleg vis.

Dette innebar (heldigvis) 1 stk dekkomleggingsmaskin, 1 stk balanseringsmaskin, 1 stk løftejekk til løftebukken.

Løftejekk



Før har diverse lugubre opplegg blitt brukt for å jekke opp bilane. Med ein firesøylers løftebukk har det ikkje alltid vore like lett å få hjula opp ifrå køyrebruene.

Dette er no heldigvis endra. Ein luftdriven løftejekk har kome på plass. Første bil til å teste den vart Chevroleten til Lidvar, som no får nye lager på framhjula.

mandag 16. november 2009

Traktor frå Stranda



Ein skal ikkje seie at dei ikkje har fornuftige saker og ting på Stranda. Dei har no både pizzafabrikk og flislagt sentrum.. Det dei ikkje har lenger er ein Massey Fergusson 25, for den har komen til Søvikdal.

Denne traktoren kom vi over på internett. Mange godbiter å finne på finn ;-)
Det kjekke med denne her var at den var berre 45 minutts køyring herifrå. Dette gjorde sitt til at Svein og Lidvar tok turen til Stranda, å fekk plassert traktoren på hengaren. Klokka 20.30 var traktoren komen til Søvikdal.
Forrige eigar, Jørn Banken, hadde hatt traktoren ståande på låven sin i 15 år før Gamalt & Gale fekk take over den.
 
PS. Den her traktoren var produsert i Frankrike. Var beregna på lettere arbeide t.d. på drueplantasjar. Kanskje derfor den kom til Stranda, Sunnmøres Frank Rike..

Lanz Bulldog, eller Konrad som vil kjenner den som.

Det er alltid stor stas når ein traktor vaknar til liv for første gong etter ein lang dvale.

Å få start på Konrad har vore eit langvarig prosjekt
Her var instruksjonsboka lesen etter alle kunstens reglar.  Men eit uttal spakar, knappar, pedalar, gear og liknande er det viktig å ha tunga i rett munn under oppstartsprosedyrene. Legg merke til måten dieselen vert pumpa fram med "fotpumpe".



Beklaglegvis hadde gassen hengt seg opp, å kapittelet som omhandla stopping av traktoren var enda ikkje lest.

søndag 15. november 2009

Motostandard


No er det ikkje lenge før Motostandarden er ferdig. Dei fleste delane er no lakka, og monteringa er komen godt i gang. Stor takk til Nosbygda Traktoravlslag som var behjelpelige med fargekodane.

No er det berre om å gjere å få ferdig panseret. Der var nokre få bulkar her og der, men ikkje verre en at det skal vere mulig å få til eit veldig bra resultat av det. Den største utfordringa blir nok å få mala på att dei raude stripene, samt farga logoen i midten.

Det må også bestillast ein ny slange, då den eine gjekk sund når dekka vart tekne av felgane..
Håpet er at traktoren skal vere ferdig til evt. iløpet av komande helg. Ein tidsfrist som eg ikkje trur er heilt urimeleg, sjølv om der fortsatt kan skje mykje som kan ødeleggje den planen..

Gamalt & Gale har fått seg ein ny traktor !!

Ein må vel trygt kunne kalle det en "höydare" når Tormod Strømgjerde entra scena på Daltun. Han takka for invitasjonen, og ville samstundes fortelje om traktoren dei har heime på garden i Straumgjerden. Traktoren, ein Farmall, kom til gards då Tormod var 8-10 år gamal. Det var stort for ein liten gut å få prøvekjøre vidunderet heime på garden.

Traktoren vart mykje brukt, men har siste åra blitt ståande på låven i påvente av at eigaren skulle få tid til å restaurere den. Den tida har Tormod innsett at han ikkje kjem til å få med det første.

Han og Ellen hadde då bestemt seg for at dei ville overlate traktoren til Gamalt & Gale på tre betingelsar..

1) Gamalt & Gale hadde lyst å ta over den.
2) Gamalt & Gale ville ta vare på den.
3) Ellen og Tormod fekk besøksrett.

Sjølvsagt kunne vi svare ja til desse betingelsane.
Som følge av dette vil traktoren "Tormod" kome til Søvikdalen i løpet av våren.

Haustfesten 2009

Laurdag 24. oktober arrangerte vi Haustfesten 2009. Dette var den 5. i rekka og det var soleis eit lite jubileum vi inviterte til.

Som åra før var det rundt 30 personar som deltok. Vi har etter beste evne prøvd å invitere alle som vi veit driv med omlag same hobby som oss til Haustfesten. Som det alltid må bli er det ikkje alle det passar for kvart år. Til neste haustfest vil datoen bli fastsett mykje før, slik den som vil har høve til å planlegge det i god tid. Å var du invitert i år treng du ikkje frykte noke. Du blir invitert neste år også, om du då ikkje gjer ei tyne.

I år var det filmframsyning på Daltun. VI hadde diverre ikkje fått laga nokon ny film, men sendte ei "ønskereprise" frå fjorårets Lulag-film. Familen Fivelstad hadde teke mange flott bilete frå årets "7-seterløp", og "Norgesløp." Johan Steffen hade teke med seg mange av desse til Haustfesten. Dei vart vist på storskjerm i løpet av kvelden.
Som du ser av innlegget over hadde Tormod og Ellen Strømgjerde med seg ei flott overrasking.


Maten i år var eit koldtbord som Ninas Lille Bakeri leverte, samt kaker og kaffi som seg hør og bør. Dette gjorde nok også sitt til at trivselen var på topp..

Gamalt & Gale vil takke alle som deltok, og gjorde sitt til at kvelden vart ei flott oppleving. Vèl møtt neste år...

Lastebilen er komen att frå verksted !


Lastebilen har dei siste åra blitt ståande ubrukt. Sidan clutchen bestemte seg for å ta kvelden for godt, har bilen ikkje vore kjørbar. Skilta vart innlevert og behovet for ein snarleg reperasjon var ikkje lenger til stades.

Men tidlegare i år vart dette gjort noko med. Trond og Arild slepa lastebilen ut på Haugseth, å Autodoktoren sette i gang å leite etter delar. Clutchen vart sendt til Oslobygda for å bli "restaurert", og elles var der nokre pakninger og anna småtteri som vart fiksa.

Etter verkstedopphaldet henta Svein og Lidvar bilen, og fekk kjørt den tilbake til Søvikdalen. No er det berre å få registrert den som står att..

L\L Gamalt & Gale med eiga nettside


Det er vel på sin plass å ønske velkomen til Gamalt & Gales blogg.

Då vi ein gong for fleire år sida valgte å kalle lutlaget som vi starta, "Gamalt & Gale" gjekk det ikkje lange stunda før ei bi-setning kom til. "...og verre skal det bli ! "
Og verre har det blitt, og det kjem ikkje til å slutte enda heller er vi stygt redd for.

Håpet med denne bloggen er at andre også skal få ta del i galskapen. Få eit innblikk i kva tankar som blir sett i sving når vi høyrer til dømes orda: Buick, Chevrolet, Nash, 1929, P1800 eller Opel.
For ikkje å snakke om kva assosiasjonar vi får når nokon seier "Bendik Ole", Simon eller Tormod...
God lesnad