torsdag 1. april 2010

Nettstasjonen er på plass!!




No har L/L Gamalt & Gales nettstasjon komen på plass i Søvikdalen.. Tysdag 31. Mars var den store flyttedagen.

Trond stillte som vanleg opp som sjåfør, ei oppgåve han utførte med bravur.
Fremst i kortesjen kjørte Lidvar, Trond fulgte tett på, so kom John, mens Kenneth låg bakerst å passa på alle saman.

Å få plassert nettstasjonen på hengeren på Møre Trafo, var ingen problem. Med store kraner og god plass vart nettstasjonen plassert. Einaste som mangla var Elling Hole som kunne bistå med sikring av last.

Lossing i Søvikdalen var nok ei litt større utfordring. Sjølv om det gjekk bra det også. Rå muskelkraft, god vøgemat, og ikkje minst ei framifrå vøg gjorde susen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar