mandag 1. november 2010

Vinterlagring





Vi har no fått fyllt opp lagerhallen vår omtrent til bristepunktet.
Etter nitidig måling og studering. Rygging og svinging på millimeters presisjon. Løfting av traktora med truck, laaaangt uttafor det reint forsvarlege, er no lagerhallen utnytta max.

Om du trur dette har vore lett tek du feil. Sommeren har gått med på puslespill legging i håp om det kan hjelpe. Vi har elles fått god hjelp frå spelet Autocrazy til å finne dei likaste kombinasjonane.

Ein liten runde for å sjekke at frostveska held forsvarleg nivå, samt å plukke i hus batteri so kan vinteren berre kome.

PS: Vi har funne ei løysing som kan avhjelpe eit akutt plassbehov, vi kjem attende til det ved seinare høve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar