søndag 5. september 2010

Puslespill

Fil:Legpuzzel.JPG
"Puslespill er et leketøy, spill eller tidsfordriv der en setter sammen et stortbilde av løse biter eller brikker. Ordet puslespill kan i videre forstand også bety pusleoppgaver der det gjelder å løse en oppgave eller et problem som består av flere deler."



Svein og Lidvar har i dag vore i Søvikdalen å prøvd å legge eit puslespel.Eit puslespel med særs store bitar, der dei fleste har hjul.




Vi må vel innsjå at hausten stend for døra, å soleis byrjar vi å tenkje på å få i hus "eignalutane" i Søvikdalen. Det er kvart år eit puslespel å få ihop. Lokala våre veks diverre ikkje proporsjonalt med samlinga. Også i år har fleire spanande prosjekt komt til Søvikdalen. Vi tek ikkje over bilar og traktorar berre for å ha dei, eller eige dei. Vi må vite at vi kan lagre dei på ein forsvarleg måte fram til det er deira tur i "restaureringskøa". Difor brukar vi no ein del tid på å få maksimalt ut av lagringsmoglegheitene våre. Men i mål kjem oss nok i år også. Før vinteren sett inn, har alt kome på plass under tak. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar