onsdag 1. september 2010

For ein kveld !!

Torsdag 26. August hadde vi i Gamalt & Gale bedt på oss gjestar.
Storfjordens Automobilklubb skulle kome på besøk.

Vi må innrømme at vi i dagane i førevegen hadde rydda litt ekstra nede i "Leikarhuset", slik ein gjerne gjer når ein tek imot besøkande. Men at so mange som 51 personar skulle kome på besøk hadde vi vel ikkje drøymt om. At so mange også hadde teke med seg "gammelbilen" var også utruleg kjekt.
















Vi har tidlegare i år hatt store vanskar med å halde vèrgudane på vår side, men denne kvelden klarte altso himmelen å halde tett. Dei besøkanda frå SAK fekk rusle rundt både inne og ute å kike på samlinga vår. Traktorane hadde vi for anledninga sett ut på "Solheim-myra." Medan bilane hadde fått tilhaldsstad inne.

Etter at gjestane hadde fått studert galskapen både vel å lenge, bar det i veg til "klubblokalet" for kaffi og noko å bite i...


Til slutt vil vi i Lutlaget Gamalt & Gale takke for besøket, og ynskje alle velkommen tilbake til Søvikdalen ved eit seinare høve.


PS: Har du bilete frå kvelden vil vi vere svært takksame om du vil sende nokre av dei til oss på mail..



arild.aure@norpost.net

1 kommentar: