fredag 16. april 2010

Torsdag kveld frå Søvikdalen...





Å legge om dekk kan vise seg å vere ei utfordring.

På bildet over ser de Lidvar Aure, med dekknavnet Dr. Pirelli, saman med operasjonssjukepleiar Einar Bakke, med kveldens dekknavn "Michellin", utføre ein komplisert dekkoperasjon.
Dekket som her blir operert høyrer til på ein Farmall Cub.

Når dekkspakane vart for svake, og tolmodigheta fulgte etter, vart vinkelsliparen henta. Heile hallen var snart dekt med røyk. Skikkelig svidd gummi. Dekkoperasjonen foregjekk i umiddelbar nærhet til Sveins Amazon, noko som dekkande nok førte til ymse komentarar frå eigaren. Amazonen vart bedekt med ein ny hovudbremsesylinder i løpet av kvelden.

Seinare på kvelden dekkorerte Svein, Arild og Einar verktøyveggen med fleire verktøy. Ein har snart klart å dekke heile veggen.

Olav Kjuul og Stig Hagen var også tilstades på kveldens øvelsar i Søvikdalen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar