tirsdag 9. mars 2010

Volvo Feltvogn fra 1963

Feltvogna kom direkte frå forsvarets overskuddslager. Den vart kjøpt på auksjon på Klepp ein vårdag i 99.

Kristian Berge, og Arild Leikanger Aure, tok turen til Trøndelag for å kjøpe bil.
Den maskuline delen av opphavet, var klar over kva som skulle skje. Den feminine delen ante enda ingenting.
Var kanskje tryggast slik, om ein skulle håpe på at det vart handel..


Den her dagen var der over 80 bilar som skulle auksjonerast vekk.. Når 75 bilar var solgt, slo Arild og Kristian til. Pulsen steig i takt med buda, og lettelsen og gleda var stor då vi fekk tilslaget.

Prøveskilt hadde vi med frå Sunnmøre. Nye batteri måtte kjøpast før vi kunne sette kursen sørover igjen.  Turen nedatt vart eit kapittel for seg sjølv. Vi rota oss ombord på ei ferge, som etter våre planar ikkje skulle vere der.. Vi bomma på eit par avkjørsler, som kom litt brått på... Vi tok mest truleg ny fartsrekord med feltvogn for å nå siste ferga mellom Molde og Vestnes. Kristian som kjørte framføre med Golf, klokka inn Feltvogna til 110 km\t. Då la speglane seg inn til sidene. (Sikkert for å gjere bilen meir straumlinjeforma ???)
Vi tok igjen en liten søt raud bil som bremsa oss kraftig ned. Sjåføren der skulle heilt klart hatt både premie og diplom, for rett rundt neste sving sto Onkel Politi med laseren sin..

Når vi nærma oss fergekaia måte Kristian "Solberg" Berge trå til igjen.. På feil side gjennom rundkjøringa for å kome seg ned til kaia å halde att ferga til eg kom med Feltvogna.
Kristian sin manøver i rundkjøinga gjorde inntrykk.. Eg skulle ikkje vere noko dårligare.. Eg sikta meg inn for også å ta "snarveien", men trekte meg i siste sekund.. Men då var det for seint.. Løysinga vart å kjøre rett over rundkjøringa. God bakkeklaring er godt å ha.
Innkjøringa til fergekaia gjekk meg hus-forbi, slik at eg igjen måtte forsere ymse midtrabattar. Men med hjelpsomme ungdomar som flytta "rasteplass-borda" like ved fergekiosken, klarte eg å smyge meg forbi.

Vi rakk ferga i siste sekund.. ...men var pengelens...  Pengane var brukt opp på forrige ferge, som ifølge oss sjølve ikkje skulle vere der. Men men, det ordna seg det også.

Bilen kom i alle høve heim til Sunnmøre.

No hadde også den feminine delen av opphavet fått kjennskap i kva som hadde gått føre seg. Å det gjekk absolutt ikkje upåakta hen. Men etter ei tid i "unåde", vart eg teken inn i varmen igjen..

Sidan den tid har Feltvogna vore nytta til alt mulig rart. Som kamerabil, sjukebil, flyttbart PA-anlegg på Stølsturar, offroadkjøring, slepebil og sommerbil. Den har til og med vore nytta til å drage båtar frå naust og ut på fjorden.  Ja lista er lang over det bilen har vore nytta til. Å meir blir det nok etterkvart..

1 kommentar:

  1. Ska oss stikke på millitær-auksjon att snart?

    SvarSlett