fredag 19. februar 2010

"Onkel-John"




Traktoren "Onkel - John" som var ferdig restaurert våren 2009 fekk kun eit kort opphald i Sykkylven etter den var ferdig..

Traktoren vart henta på Stadtlandet der den hadde stått parkert i ein gjødselkjeller i fleire år. Ein skulle kanskje tru at den salte sjølufta på Stadt skulle gjere sitt for å øydelegge traktoren. Men traktoren var i uforskamma god form. Etter at Onkel John sette frå seg traktoren for mange år sidan, og til vi henta den, hadde ikkje traktoren vore starta.
Men å få start på traktoren skulle vise seg å ikke vere ei altfor stor utfordring. Allerede same kvelden vi henta den, var den i bruk til snørydding.

Men som sagt, den fekk ikkje vere i Sykkylven lenge. Sunnmøre Museum skulle ha ei utstilling kalla "Ei verd av fargar", å ville gjerne låne ein "Gråtass" frå L\L Gamalt & Gale. Sjølvsagt fekk dei låne ein traktor til utstillinga si.

Når L\L Gamalt & Gale skal arrangere veteranbilutstilling i forbindelse med Sykkylvsdagane skal "Onkel-John" vere med...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar