torsdag 11. februar 2010

Svein har vore på utanlandstur!!



Svein har siste tida vore på ein utanlandstur..
Tyskland, og ei stor veteranbilmesse var målet.. Då han kom attende til Søvikdalen, hadde han enda ikkje slutta å smile.. Rykta seier at han sikla so gale over nokre av bilane at han måtte av sikkerhetsmessige hensyn trekke seg litt tilbake før vaktene kom.


Tilbake til gamlelandet hadde han med seg både lektyre og verktøy.. I det henseende har Svein invitert resten av Gamalt & Gale, samt andre interreserte til demonstrasjon av nyinnkjøpte mikrometer.
Rykta seier at det kan kome på tale å bruke audiovisuelle hjelpemiddel i framførelsen av foredraget omkring mikrometera.. (dette er enda ikkje bekrefta frå føredragshalderen)
Sjølve arrangementet vil gå av stabelen i Grebstadlia førstkomande torsdag..
(ta med kopp)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar