torsdag 19. november 2009

Fordson Major i lastebilgarasja

Einar, Svein, Olav og John jobba i kveld iherdig med Majoren. Dei er vel ikkje heilt klare til prøvekøyring enda, men håp om hvertfall å få starta den snart har dei.

Majoren i Søvikdalen har ein "donor-traktor" ståande på Grebstad. Der er mellom anna motoren henta frå. Dei siste torsdagane har blitt brukt mellom anna til å bytte motor.
Guttane i den forhenværande lastebilgarasja må ikveld kårast til å vere dei ivrigaste. Særleg Einar kanskje, som kutta kraftig ned på kaffipausen for å kome seg tilbake til Majoren..

2 kommentarer:

  1. Hallå gøttfølk.. E det døkke som he vøre å græbba dele av einn perfekt stakkars traktor på Grebstad altså? Ej kjaure norda haugane i går, fyste gong på lengje, og da såg ej at der hadde vøre nøken å støle dele. Jaja, janei, ja... det e no vel berre slik det e det av og tej, at nøke må ofrast for at nøke ska bli bra??!? Kanskje ej får vitja døkke ein dag, og sjå litt på dinna derre Majora? Jaja, slik e no det berre me den saken.. Jaja, janei, døkke fær ha einn fin kveld. Snakkast.

    SvarSlett