torsdag 10. mars 2011

Varme føter

Det blir i kveld meldt frå Søvikdal at Sondre har varme føter..
Clutchen på Gulrotbilen har stått fast sidan tidenes morgen, men Sondre visste råd.

Han tok fatt i problemet med liv og lyst. Der Snåsamannen legg dei varme hendene sine på folk, for å få dei til å kvikne til att brukar Sondre føtene. Med eit lett trykk på pedalen løyste clutchen seg.

Dei overnaturlege evnene til guten frå Blindheimsbakkane nådde snart den eine av Bakkebrørne. Som kjent har dei to brørne ein traktorgravar som rett som det er startar. Sist den var i gong sto bremsene fast. Håpet er at Sondre kan løyse bremsene på trakoren like lett som clutchen på Gulrotbilen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar