torsdag 28. oktober 2010

Aktivitet i Dalen...



...mindre på nettsida dessverre.


Det har vore god aktivitet i Søvikdalen siste vekene. Dessverre har vi i det siste ikkje vore flinke nok til å oppdatere nettstaden vår.

Den siste tida har hausten og vinteren stått i fokus hos L\L Gamalt & Gale. Planlegginga og gjennomføringa av den årvisse haustfesten har teke ein god del tid. Vi har også forberedt oss på vinteren. Det er som omtala før mykje som skal i hus før vinteren sett inn.
På bildet her ser de nyervervelsen til John, ein flott Super Dexta, som skal bli som ny i løpet av vinteren. Bjarne, Svein og Lidvar prøver her å få gang på motoren. Einar lurte seg som vanleg vekk medan bildet vart teke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar