lørdag 22. mai 2010

Det nærmar seg...





 


Farmall Cub'en som har vore vårens store prosjekt
tek form i Søvikdalen.
Den her skal vere ferdig til Sykkylvsdagane 2010





17.mai er over. L\L Gamalt & Gale hadde med seg ein nøgd gjeng med pensjonistar i toget. Sjølv om dei som var med kosa seg, hadde oss hatt plass til enda fleire..
Kanskje kan dette bli ein årviss tradisjon?

Som overskrifta seier, det nærmar seg..  Det nærmar seg Sykkylvsdagane 2010.
L\L Gamalt & Gale har som før nevnt tatt mål av seg til å lage ei flott utstilling av bilar, motorsyklar, traktorar, og kanskje ei campingvogn eller to.

Dette er sjølvsagt ikkje noko vi klarer på eiga hand, men heldigvis har maaange sagt seg villige til å stille med bilar og syklar til denne laurdagen.
Om du legg turen innom parkeringsplassen der vi skal ha utstillinga vil du få sjå alt i frå folkevogner til corvette...
Som alle andre plassar er vel smaken som kjent som baken..  Der junior kanskje siklar over ein nystrigla Camaro, kan opphavet stå like ved å felle ei tåre på panseret til ein Renault, og tenkje tilbake til si eiga ungdomstid.

Vi håpar at mange vil få sjå anten sin fordums ungdomsbil, eller kanskje framtidas draumebil i sentrum desse dagane.

Om du har ein bil som du vil syne fram, er du fortsatt hjerteleg velkomen til å ta kontakt..
Hos oss er ein Mini Morris like velkomen som ei Porsche.. Det er mangfaldet i bilentusiasmen i bygda vi vil vise fram.

Ta kontakt på telefon 93 22 98 08
eller send ein epost til arild.aure@norpost.net

1 kommentar:

  1. Flott å sjå at cub'en tek form. Lykke til med det videre arbeidet fram mot sykkylvsdagane, og takk for den flotte artikkelen i sumpen om leikarhuset i søvikdalen!

    SvarSlett