fredag 2. september 2011

Slåttedag på Skaret

Heine har godt handlag med høygaffelen.

Vinter har blitt vår, vår har blitt sommar og sommar har blitt haust. Årstidene har endra seg, medan nettsida til Gamalt & Gale har stått på stedet hvil. Men det må vi no gjere noko med.
Tilbakemeldingane etter veteranbilutstillinga vår i sentrum var svært gode, og mange har teke kontakt i ettertid å bedt om at dette vert eit årvisst innslag. Det kan vi ikkje love enda, tida får vise.
  Etter Sykkylvsdagane vart alle klutar sett inn for å gjennomføre slåtten på Skaret på ein best mogleg måte. Sola skein og alt låg til rette for ein perkfekt dag. Omlag 40 personar deltok på slåtten, der det for første gong på mange mange år vart hesja på Skaret.






Karsten (t.v) og Kallen diskuterar korleis
hesa skal settast opp. Saman har dei mange
års erfaring i hesjing.

Kristian har funne seg godt til rette på Porchen. 

Ein av dei yngste slåttekarane var Elias, som her hjelper
pappa Trond med svansinga.










Katinka og Thomas var til god hjelp i slåtten.

Bergljot og Margrete er i gong med å fylle fyrste golvet i hesa. 



Det var mykje folk på Skaret denne dagen. Frå venstre Astrid, Elisabeth, Lidvar, Trond og Sigrun.

Svein på Gullkalven

Leik og moro på Skaret

Om lag 40 personar var til stades på slåttelaurdagen i Søvikdal. I strålande solskin gjekk arbeidet unna i rekordfart.

Gleda var stor når ein kunne konstatere at slåttekøysa heller ikkje i
år må forast gjennom vinteren. Dette vart feira med
slåttegraut.

tirsdag 28. juni 2011

Bilparade i sentrum, ein suksess

Her har vi lagt inn ein del bilete frå Sykkylvsdagane 2011. Om du ikkje var til stades i sentrum denne laurdagen gjekk du verkeleg glipp av ein stor opplevelse. 32 bilar runda Roaldhjørnet på sin veg mot Kaigata og vart behørig presentert.
Meir tekst vil kome etterkvart.



Alle foto er tekne av Silje Hatlen.






































onsdag 8. juni 2011